Ørsta Rotaryklubb ynskjer å engasjere seg og vere synlege i lokalmiljøet. Gjennom mange år har klubben på vårparten hatt dugnad på Brudevoll-tunet, for å gjere uteområda imøtekomande og attraktive for bygdefolk og tilreisande gjester.
På Lianeset i Ørsta kommune står eit krigsminnemerke oppsett i 1947. Ørsta Rotaryklubb har dei siste åra lagt ned mykje engasjement, tid og pengar for å halde minnesmerket pent og tilgjengeleg. Også frå australsk side har det blitt gitt pengar til minnesmerket.
5.desember 1944 omkom den australske flygaren Frederic Gordon Sides i samband med eit flyåtak mot dei to tyske skipa Radgod og Albert Janus som hadde lagt seg til i Ørstafjorden. Åtaket skjedde med 17 australske Bow-Fighters og 5 kanadiske Mosquitos, og vart leia av skvadronleiar Neil Smith. Sverre Hagen i Ørsta fann fallskjermen etter den omkomne flygaren, og overleverte denne til familien i Australia i 1948. Som mangeårig medlem av Ørsta Rotaryklubb har Sverre Hagen i alle år sidan vore ein pådrivar for å halde minnesmerket på Lianeset i hevd.
Både skvadronleiar Smith og hans familie, og familien til Frederic Gordon Sides har besøkt Ørsta og Ørsta Rotaryklubb ved fleire høve. Det er slik sett knytta sterke band mellom Australia og Ørsta.
17.05.2020 Helsing frå familiane i Australia til Ørsta
26.12.2016 Attraktive mål i Ørstafjorden
23.05.2013 Heidra australske soldatar for fridomen
20.05.2012 Australske soldatar kjempa for fridomen vår
19.05.2011 Må vere australske soldatar evig takknemlege
16.05.2009 Då krigen kom til Ørsta (side 1) (side 2)