Per Sævik - intercitymøte i Ulsteinvik
2026-10-26 19:00 - 20:00Per Sævik, stortingsmannen og gründeren bak Havila og Kystruten m.m er ein bauta som er kjent langt utanfor Sunnmøre. Han har skapt store verdiar og delt dei med mange. Han har opplevd nedturar og oppturar, og der han har møtt motgang har han skapt nye muligheiter.
Hans verdiar må vere like Rotary sine verdiar. Vi lever i ei utfordrande tid der det er viktig å lære av kvarandre sine erfaringar, og vi gler oss til ein time i hans selskap.
Vi vil avtale matservering med hotellet i forkant av møtet slik at det vert tid til mat og prat og sosialt fellesskap.
Felleskøyring frå Kunsthuset i Ørsta kl 18.00.
MERK! Denne veka blir det møte måndag, og ikkje tysdag!