Bedriftsbesøk: Mylnå i Volda

2027-03-02 19:30 - 20:30

I kveld tek dagleg leiar, Elias Moe i Volda Elektriske Mylne AS i mot oss i Hamnegata 16, Volda. 

Vi samlast først i butikken (Sunkost Volda) før vi går til eit  møterom på lageret der det blir orientert litt om Mylnå, samt at vi får sjå eit par korte animasjonsfilmar, m.a. om korleis produksjonen går føre seg.

Etterpå går vi gjennom etasjane i det gamle mylnebygget og vise dei sjeldne møllemaskinane frå 1930-talet.

Volda Elektriske Mylne er den siste mølla igjen med slikt utstyr i kommersiell matmjølproduksjon. Då mølla var ny var det over 500 slike møller her til lands.

Felleskøyring frå Ørsta kunsthus kl 19.05.