Harald Marø, ishavsmann og krigsseglar

2026-11-03 19:30 - 20:30

I 2018 var eg over til Canada og intervjua den då 101 år gamle Harald Marø. Harald var fødd på Brandal, vaks opp i Ålesund. Han sat tre og eit halvt år i japansk fangenskap under den andre verdskrigen. Han las bokstavleg tala si eiga dødsannonse.

I 1949 emigrerte Harald og kona til Canada. Der Harald etter kvart vart skipper på den store ishavsskuta «Theron». Det var selfangst, ekspedisjonar, kartlegging og seismiske undersøkingar i 25 år, før Harald pensjonerte seg frå ishavslivet. Harald fekk namnet sitt på kartet både i Arktis og Antarktis. Harald døde 105 år gammal.

 

Foredragshaldaren: Johannes Bjarne Alme, 58 år frå Brandal, ingeniørutdanne og har arbeida i lenge maritim industri, no er Johannes næringssjef i Hareid kommune.

Han har vokse opp med historier frå fiske og fangst, han har vore på selfangst og ein sommar i turistfart på Svalbard. Mange ishavsfolk har vorte intervjua av Johannes og han har delt kunnskapen deira både i artiklar og bøker. Like så har han i seinare tid vore ein mykje nytta foredragshaldar langs heile kysten.