Vakrare sentrum - Brit Polden

2026-10-13 18:00 - 20:00

I dag tek vi turen til kinosalen på kulturhuset i Ørsta kl 18.00 

Der vil Brit Polden (NRK - Nasjonale turistvegar) vere ein av gjestane når temaet er Vakrare sentrum.

 

Merk stad og tidspunkt!

 

«Attraktive stadar der folk vil bu og leve.»

BuLyst Ørsta inviterer til ein open kveld på Ørsta kulturhus tysdag 13. oktober Kl. 18.00–20.00

GRATIS INNGANG

 

BuLyst ønskjer å skape ein møteplass der innbyggjarar, fagfolk, administrasjon og politikarar kan møtast til samtale om korleis Ørsta skal utvikle seg vidare.

Kvelden blir leia av Brit Polden, som mange kjenner frå arbeidet med dei nasjonale turistvegane. Ho kjem til Ørsta med foredraget:

«Ei reise i landskap og liv – opplevingar langs dei nasjonale turistvegane.»

Dei nasjonale turistvegane viser korleis arkitektur, landskap, kunst og gode møteplassar kan vere med på å skape sterke opplevingar og attraktive stader.

 

Kva er det som gjer ein stad attraktiv? Kva betydning har arkitektur og estetikk? Og korleis kan vi utvikle lokalsamfunna våre utan å miste det som gjer dei særmerkte?

Desse spørsmåla stiller Ingvild Gjerdset, arkitekt og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, i foredraget «Attraktive stadar der folk vil bu og leve».