13. oktober 2020 kl. 20:00 - 21:00
Sist vi møttest så avtalte vi at vi skulle sjå situasjonen litt an til etter guvernørbesøket medio september/haustferien.
Eg ser no at mange av naboklubbane våre er i gang med møteaktivitet - dels ute og dels i ordinære møtelokale, men med behørig koronaavstand.
Eg sende ein melding til styret i går, og spurte litt om kva dei meiner - om styret skulle gjere ei vurdering eller om medlemsmøte skulle gjere det. Fleirtalet av dei som har gitt meg attendemelding meiner at det er rett med eit medlemsmøte der vi får drøfta stoda og legge ein plan for vegen vidare i haust. Det blir signalisert at det er viktig med ein viss møteaktivitet for samhaldet sin del.
Eg kallar derfor inn til ordinært medlemsmøte på Kunsthuset i morgon tysdag 13.10 kl 20.00.
Møtesalen vert rigga med god avstand mellom stolane, vi fører liste over kven som møter slik at vi kan spore om evt. smitte dukkar opp.
Vel møtt - om du føler deg frisk og rask, er du usikker så hald deg heime og gje evt tilbakemelding på telefon eller mail.