18. august 2020 kl. 20:00 - 21:00
Hei.
Vi er komne halvvegs ut i august, og i vanlege fall ville vi ha starta opp møteaktiviteten i desse dagar. Koronasituasjonen gjev og utfordringar med det, og styret hadde eit lite kort møte forrige veke der vi drøfta litt kva vi gjer framover.
Konklusjonen frå det møtet er at vi kallar inn til eit klubbmøte førstkomande tysdag - 18.08-2020 kl 20.00 på kunsthuset. (Vanleg møtestad og tid)
Der vil vi invitere medlemene til å kome med synspunkt korleis vi skal drive klubben med dei restriksjonane som koronaen gjev oss.
Vi har full forståing for at enkeltmedlemer av omsyn til eiga helse, og risikogrupper osv føler at det er vanskeleg å møtast - men det må den enkelte vurdere sjølv. Med "normalt frammøte" på 10-15 personar så ser vi få utfordingar til å rigge møtelokalet med god avstand til kvarandre slik at vi kan få utveksle tankar og idear.
Medlemer som av ulike årsaker ikkje ønskjer å møtast fysisk må gjerne gje tilbakemelding til meg.
Vi håper likevel på bra frammøte og slik at vi kan få eit representativt inntrykk av kva medlemmene ønskjer - vel møtt.
Mvh Thor Arne