10. mars 2020 kl. 18:00 - 21:00
Tysdag 10. mars 2020 kl 18.00 - 21.00 på Ørsta kulturhus
Ørsta Rotaryklubb, saman med Ørsta Inner Wheel, vil for 34. gong skipe til pensjonistfest på Ørsta Kulturhus.
Vi har hatt god oppslutnad på disse treffa, og vi vonar at det også i år vil møte rundt 200 gjestar. Treffet vert som vanleg i flatsalen og alle medlemane i Rotary må møte tysdag kl 12.00 for klargjering og pynting av salen.
MAT:
Kvart medlem i Rotary lagar til minimum 15 snittar som dei leverer på kjøkkenet på kulturhuset tysdag frå kl 17.00.
Hugs å merke fata på undersida.
Medlemane i Inner Wheel tek med ei kake (blautkake) pluss ei kanne kaffi.
Alle medlemane vert oppmoda om å ta med fleire gevinstar til utloddinga. Twist, konfekt, planter m.m. er populære gevinstar. Det vert aldri for mange gevinstar.
Vi ynskjer med dette medlemane i Rotary og Inner Wheel hjarteleg velkomne til ein triveleg kveld saman med våre pensjonistar.
Hugs at vi skal vaske opp og rydde etter festen!