PROSJEKT

Brudevolltunet i Ørsta


Ørsta Rotaryklubb ynskjer å engasjere seg og vere synlege i lokalmiljøet. Gjennom mange år har klubben på vårparten hatt dugnad på Brudevoll-tunet, for å gjere uteområda imøtekomande og attraktive for bygdefolk og tilreisande gjester.


Krigsminnemerket på Lianeset


På Lianeset i Ørsta kommune står eit krigsminnemerke oppsett i 1947. Ørsta Rotaryklubb har dei siste åra lagt ned mykje engasjement, tid og pengar for å halde minnesmerket pent og tilgjengeleg. Også frå australsk side har det blitt gitt pengar til minnesmerket.

5.desember 1944 omkom den australske flygaren Frederic Gordon Sides i samband med eit flyåtak mot dei to tyske skipa Radgod og Albert Janus som hadde lagt seg til i Ørstafjorden. Åtaket skjedde med 17 australske Bow-Fighters og 5 kanadiske Mosquitos, og vart leia av skvadronleiar Neil Smith. Sverre Hagen i Ørsta fann fallskjermen etter den omkomne flygaren, og overleverte denne til familien i Australia i 1948. Som mangeårig medlem av Ørsta Rotaryklubb har Sverre Hagen i alle år sidan  vore ein pådrivar for å halde minnesmerket på Lianeset i hevd.

Både skvadronleiar Smith og hans familie, og familien til Frederic Gordon Sides har besøkt Ørsta og Ørsta Rotaryklubb ved fleire høve. Det er slik sett knytta sterke band mellom Australia og Ørsta.


Les meir:

17.05.2020 Helsing frå familiane i Australia til Ørsta
26.12.2016 Attraktive mål i Ørstafjorden
23.05.2013 Heidra australske soldatar for fridomen 
20.05.2012 Australske soldatar kjempa for fridomen vår 
19.05.2011 Må vere australske soldatar evig takknemlege  
16.05.2009 Då krigen kom til Ørsta (side 1)         (side 2)

Eldrefest

Kvar år arrangerer Ørsta Rotary fest for dei eldre i kommunen. Arrangementet er i samarbeid med Ørsta Inner Wheel. Alle medlemene er engasjerte på ulike måtar, frå pynting av lokale, kaffikoking, matlaging, underhaldning og ikkje minst kjøkkenteneste og opprydding. Eldrefesten er eit svært populert tiltak både i klubbane og blant dei mange frammøtte.
På biletet: Eli Berit Strande, Inner Wheel og Anne Ellingsen, Ørsta Rotary 2017/18.

The David school, sierra leone

Ørsta Rotaryklubb har støtta Volda Rotary sitt skuleprosjekt i Sierra Leone i fleire år, med totalt kr. 50.000,-.
Her kan du lese meir om prosjektet.



sosiale mediUM



Møteinformasjon

Møtested: Ørsta kunsthus
Adresse: Webjørn Svendens gate 7
Postnummer: 6150
Sted: Ørsta
Land: NO
Møtedag: Tirsdag
Møtetid: 19:30
Møtespråk: no

Ørsta Rotaryklubb sin kalender:

Klubbens møter denne måneden

Dugnad på Lianeset

2024-04-23 18:00 - 19:00

Dugnad på Brudevollen

2024-04-30 18:00 - 20:00

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenkJer

Nyheiter INTERNASJONALT:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheiter distriktet:

Loading RSS...